Kategori
Hvil i fred Tor-Inge
Postet av Fotballklubben Bergen Nord den 18. Aug 2021
Ei trist melding nådde oss i Bergen Nord sist helg. Tor-Inge Holdhus hadde gått bort, berre 52 år gammal.
I mange år var Tor-Inge eit oppofrande og ivrig medlem i støtteapparatet rundt A-laget til FK Bergen Nord. Han var ein som både spelarar og tillitsvalde lærte å setja stor pris på. Hans framferd var aldri brautande eller påtrengjande. Med stort alvor og aldri sviktande hjartelag var Tor-Inge diskret til stades. For vår mangeårige oppmann Torbjørn Fosse var han ikkje berre ein påliteleg støttespelar, men også ein god kamerat. Mellom dei voks det fram eit varmt venskap.
Tor-Inge Holdhus var ein ekte salhuspatriot. Det viste att på fleire område. Den same iveren som han viste for FK Bergen Nord, hadde han også for Salhus Musikklag, der han var eit trufast og stødig medlem i fleire tiår. Han var også dugande på instrumentet sitt, euphonium. Ved store og små tilstellingar, om det var konsertar, dugnadar eller andre arrangement, var Tor-Inge alltid mellom dei første til å melda seg til teneste.
Tor-Inges bortgang kom brått og overraskande på alle. Han etterlet seg eit tomrom som sikkert let seg fylla, men ingen kan fylla det på Tor-Inge sitt vis. Med sitt milde vesen, sin fine karakter og forsiktige framferd var Tor-Inge Holdhus noko heilt for seg sjølv.
Vi lyser fred over Tor-Inge Holdhus sitt minne.
For FK Bergen Nord
Knut Langeland
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.