NFFs honorære lederstipend 2017 til Arild Markussen!

Postet av Fotballklubben Bergen Nord den 20. Feb 2018

Her er NFFs motivasjon for tildelingen:

Dette stipendet deles ut til personer som har bidratt med lang og tro tjeneste for klubb og eller forbund og krets.

Ein dag berre var han der. På idrettsplassen. Stor og sterk, raud i luggen og med ei sjølvkjensle som berre ein kjuagut i landsens selskap kan ha. Vi visste ikkje kvar han kom frå, eller kva han hadde hjå oss å gjera, men han vart verande, og ikkje nok med det. Han vart ein av oss, han vart den av oss som sterkast kom til å setja sitt preg på fotballen i vårt nedslagsfelt, og best av alt: Han gjer det framleis.

Klubben hadde ikkje vore det same utan ham. Tallause generasjonar har fått nyta godt av hans kompetanse og lidenskap for fotball. Han er ein fotballfagmann med enorm kunnskap, men også med den pedagogiske kompetansen og iveren som trengst for å formidla denne kunnskapen vidare til dei unge og lærevillige.

Tilsynelatande blir han aldri lei av å læra opp nye generasjonar med fotballspelarar. Med den same entusiasmen år etter år tek han på seg nye oppdrag, nye oppgåver, nye lag.

Det han kanskje likar aller best, er å få kollektivet til å fungera. Han er flink med individualistane, men aller flinkast er han til å få dei til å samhandla, litt på Nils Arne Eggen-vis, slik at også dei som kanskje ikkje har fått det største talentet frå naturens side, opplever meistring og fotballglede. For mottakaren er det viktig å syta for at så mange som muleg opplever nettopp denne gleda.

 

Han er ein leiartype som tidleg tok ansvar. Snart fann ein han oftare på sidelinja enn på midtstopparplass og i 1988 var han ei drivande kraft bak samanslåinga av to mindre klubbar til dagens flotte klubb med ein tydeleg breiddeprofil. Samstundes har han, som gjennom lange periodar har vore sportsleg leiar i klubben, vore garantisten for at det også finst eit tilbod til dei som vil noko meir med fotballen sin.

Han har framleis sitt store fotballhjarte i moderklubben og her verkar han framleis, nesten to år etter at han fylte 60, og ingenting tyder på at han har planar om å leggja inn årene.

Klubben er svært glad for alt han har gjort og framleis gjer for dem, og de veit knapt kor heldige de er som har Arild Markussen.

Vi gratulerer Arild Markussen – FK Bergen Nord – som en verdig og fortjent mottaker av NFFs honorære lederstipend, som er på kr 5.000,-.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.